Lenker eller bilete..
Om meg
Arnhild Johanna Skre er fødd 19. mai 1952 i Bergen. Ho voks opp i Fana, på Voss, på Stord og i Gausdal og flytta deretter til Lillehammer der ho fullførte artium, gjekk på Nansenskolen og fann ein mann for livet. Derifrå gjekk vegen til Universitetet i Oslo der ho tok cand,mag. i 1977 med mellomfag i sosialantropologi og etnologi, og grunnfag i historie. Studieåret 1977-1978 var Arnhild utvekslingstudent ved Universitetet i Reykjavik. Hausten 1978 begynte ho som 1-årspraktikant i NRK, ho arbeidde der som programsekretær til 1983. Etter eitt år på Einar Granums Kunstskole og eit par år som frilansar fekk ho fast stilling som journalist i Dag og Tid der ho blei redaktør 1990-1993. 1993-1994 vidareutdanna ho seg i historie. 1995-1999 var ho avdelingsleiar for Kulturreportasjeredaksjonen i Aftenposten. 2000-2008 arbeidde ho som kulturjournalist, kommentator og kritikar samme stad. Frå nyttår 2009 er Arnhild Skre fulltidsforfattar, skribent i Morgenbladet og frilans foredragshaldar, ordstyrar og konferanseleiar.